Studentparlaments- og fakultetsstyreval i gong på UiA

Studentparlaments- og fakultetsstyreval i gong på UiA


Frå i dag (21. oktober) fram til 1. november klokka 15 er det val av medlemmer til studentparlamentet og fakultetsstyra på Universitetet i Agder. Til saman skal nesten 60 studentrepresentantar (inkludert vara) bli valt inn.

Studentvala på UiA er i gong.
Studentvala er fullt i gong på UiA. (Teikning: Aleksandra M. Michalak, logo: UiA)

Studentparlamentet er det øvste organet i Studentorganisasjonen i Agder (STA), mens kvart av dei ulike fakultetsstyra naturleg nok er øvste organet i kvart av dei ulike fakulteta på universitetet, i tillegg til lærarutdanningane og Handelshøyskolen ved UiA. Studentparlamentet tek seg av saker som har med velferda til studentane å gjere og dei økonomiske, sosiale og faglege aspekta i studiekvardagen. Parlamentet vel også representantar til alle råd, styre og utval på UiA, SiA og STA. Fakultetsstyra har eit overordna ansvar for at verksemda ved fakulteta og lærerutdanningane held høg kvalitet.

Studentvala skjer elektronisk på Fronter.

Detaljert oversikt med tal på representantar som skal bli valt inn frå ulike fakultat, kan ein finne på følgjande UiA-nettside:

uia.no/portaler/aktuelt/nyhetsarkivet/student_elections_-_nye_datoer_for_hoestens_studentvalg

Val-kandidatane kan ein lese om på STA sin nettstad:
stastudent.no/studentvalget-2013-les-om-kandidatene

Ut i november får dessutan studentar ved UiA velje to representantar og to vararepresentar til universitetsstyret.

Tekst: Targeir Attestog
Illustrasjon: Aleksandra M. Michalek (med logo frå UiA)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.