Unikum finner du i magasinformat rundt om på Campus Kristiansand og Campus Grimstad i tillegg til utvalgte steder. God lesning fra oss i redaksjonen!
– Et par ord fra redaktøren –
Denne månaden er det 15 år sidan første ordinære utgåve av studentavisa Unikum kom ut. Den blei teke godt imot med det nye, friske namnet sitt, eitt år etter at Sørvisa (som blei 13 år) måtte legge seg ned etter kraftig underskot. Hausten var Unikum inaktiv. Heldigvis fekk Helle Ingeborg Andersen og vennene hennes starta avisa igjen våren 2002. Dei ønskte å opplyse og engasjere studentane på Agder. Mange takk til dykk! Sidan den gong har Unikum hatt jamn publisering, med berre veldig korte pausar.
15. januar 2001, samtidig som den første Unikum-redaksjonen sette i hop sitt første magasin, blei det frie nettleksikonet Wikipedia sett i drift. Bibliotekarkommentaren handlar denne gongen om kjeldekritikk og korleis Wikipedia bør brukast. Wikipedia er nok ikkje alltid til å stole på, men eg kan faktisk takke Wikipedia for at eg fann Unikums andre ansvarlege redaktør for å intervjue henne for denne utgåva. I 2013 oppretta eg ein Wikipediaartikkel om Unikum, og då eg kikka innom der nyleg for å oppdatere, hadde etternamnet hennes endra seg til Mellingen. Takk til deg som oppdaterte dette!
I februar 2001 møttest nokre IKT-systemutviklarar i Snowbird i Utah, USA og blei samde om «The Agile Manifesto», som handla om agile systemutvikling. I slik programvare-utvikling må ein kunne levere fungerande programkode ofte (f.eks. kvar månad) og vere klar for endringar i kundekrav også kort tid før publisering av ny versjon av programvaren. I Unikum opplever vi noko liknande med publisering kvar månad og at saker og annonsar ikkje er heilt fastlagte før starten av deskehelga. Sakene blir korrekturlese og grafikken blir kontrollert omtrent like grundig som profesjonell programvare blir testa, men det viktigaste er at innhaldet er bra. Eg kan love deg at å vere med i Unikum for å skjønne korleis ei avis blir sett saman, og så har vi sosiale arrangement som andre studentforeiningar. Vi treng fleire aktive medlemmar. Les meir om dette på unikumnett.no.
Unikum har gjennom åra forsøkt å få studentane på UiA til å også gjere andre ting enn å suge informasjon frå pensumbøkene sine. I dette nummeret kommenterer vi studentengasjement, prokrastinering og stress. Vi har også fått med samfunnskritiske kommentarar om mirakel, monarki og overvaking.
Etter mange års pause, vender små notisnyheitsartiklar tilbake til Unikum, så du som lesar kan få raskt overblikk over studentnyheitene som du gjekk glipp av på nett førre månad. Vi lanserer dessutan vår første podkastserie på Unikumnett, ølbryggingsserien ØVDkast, som blir produsert av «Øl, viser og dram» i Grimstad.
Takk for at du les Unikum, Agders studentavis i det 21. århundre!
Targeir Attestog – Send mail
Vikarierande ansvarleg redaktør
1 Comment