Oppskrift: Knallrosa raudbetelappar

Oppskrift: Knallrosa raudbetelappar


Rike på kostfiber, B-vitaminet folat og ein god kjelde til kalium!

Ingrediensar (4 porsjonar):

  • 2 stk. raudbeter  
  • 1 egg  
  • 2 dl kveitemjøl  
  • 1 ss bakepulver  
  • 2 ss brunt sukker  
  • ½ ts salt  
  • 1 ts vaniljesukker  
  • 2 dl sammalt kveitemjøl, fin 
  • ½ dl havregryn  
  • 3 ss flytande margarin  
  • 1 dl yoghurt  
  • 3 dl mjølk 

Framgangsmåte:

  1. Skrell raudbetene og bak dei i omnen på ca. 200 grader til de blir møre.
  2. Mos så raudbetene til pure med ein stavmiksar. 
  3. Rør så alle ingrediensane saman til ein litt tjukk røre.
  4. Steik lappane i ein steikepanne med litt smør/olje i, på middels varme. Bruk ein spiseskei røre til kvar lapp. Steikast eit par minutt på kvar side.
  5. Lappane kan serverast med honning og eit dryss melis.

Tips: for ekstra rosa lappar, steik dei på låg varme.

Tekst & foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.