Påskemuffins i appelsinskall på bål

Foto: Ingrid Krossbakken & Canva

Påskemuffins i appelsinskall på bål


Vi kjem nok til å opphalde oss mykje ute denne påska, og kva er vel betre enn å nyte litt påskegodt i vakre omgjevnader? Vi kryssar fingrane for fint ver!

Ingrediensar: 

2 egg 

2 dl sukker 

124 g smør  

1 dl mjølk 

3 ½ hvetemel  

1 ½ ts bakepulver 

1 ts malt kardemomme (kan sløyfast) 

 &

Aluminiumsfolie  

Appelsin  

 

Slik gjer du:   

Lag røra før du dreg på tur. 

1. Visp saman egg og sukker til eggedosis  

2. Smelt smør og ha det oppi eggedosisen saman med mjølka  

3. Bland inn dei tørre ingrediensane  

4. Hell røra i ein tett pose eller på ei flaske  

5. Skjær av toppen på ein appelsin og bruk ein skje til å få ut innmaten  

6. Ha røra i appelsinskallet, til ca. halvfullt skal 

7. Sett på toppen av appelsinskalet, og pakk heile appelsinen inn i aluminiumsfolie  

8. Legg den pakka appelsinen på glørne i bålet og la den steike i ca. 20-25 min  

 

Tips:  

Legg til 2 ts kakaopulver for sjokolademuffins  

Gjer klar appelsinen før du dreg på tur 

Topp gjerne muffinsen med litt ekstra sjokolade, eller anna godt! 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.