Superenkel kjærleiksterte

Foto: Ingrid Krossbakken

Superenkel kjærleiksterte


Med berre fem ingrediensar kan du briljere med heimelaga terte på under 45 minutt. Perfekt når du har dårleg tid og vil imponere. 

Ingrediensar: 

  • Butterdeig  
  • Fryste bringebær  
  • Ferdig vaniljekrem  
  • Sukker  
  • Egg til pensling  

Slik gjer du: 

  1. Ta ønska tal butterdeigplater ut av frysen og legg dei på ein bakepapirkledd steikeplate for tining ca. 15-20 min.
  2. Ta samtidig ut ønska mengde fryste bringebær* ut av frysen og ha det i ein skål for tining, til butterdeigplatene er klare til bruk.
  3. Rør ønska mengde sukker inn i dei tinte bringebæra.
  4. Ta nokon ss ferdig vaniljekrem i ein frysepose/brødpose og klipp eit hull i eit av hjørna.
  5. Skjær ein ca. 1cm brei ramme i butterdeigen.
  6. Sprøyt ut ein ramme med vaniljekrem innafor butterdeigramma.
  7. Fyll vaniljeramma med dei rørte bringebæra. 
  8. Pensle butterdeigramma med saman vispa egg og strø på litt sukker.
  9. Steik terta på 200 grader i ca. 20 min.
  10. La kjærleiksterta kvile 5 min på benken, deretter nyt. 

Tips:  

Butterdeig finn du i frysedisken hjå dei aller fleste større butikkar. 

Bruk ein vaniljekrem som held forma under steiking. 

 

*ca. 3ss bringebær per butterdeigplate. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.