Hoisin-laks med wokede grønsaker og ris 

Foto: Ingrid Krossbakken

Hoisin-laks med wokede grønsaker og ris 


Denne middagen er like rask og enkel som den er god. Det tar bare 30 min frå start til slutt og vipps så har du middagen servert på bordet.  

 

Ingrediensar  

4 laksefileter  

Hoisinsaus 

Soyasaus  

Sesamolje (kan sløyfast) 

Olje til steiking  

½ Brokkoli  

1 paprika  

2 sjampinjong 

1 vårløk  

Ris  

 

Slik gjer du:  

  1. Sett omnen på 200 grader. Finn fram ein eldfastform og smør den med litt olje. Legg laksefiletane i forma og smør kvar enkelt filet med 1 ss hoisinsaus, ½ ss soyasaus og nokon dråper sesamolje. Steik laksen i cirka 20 min.  
  1. Kok risen etter brukarrettleiinga på pakka. 
  1. Kutt grønsakene i biter og steik dei på middelshøg varme i 5 min. Tilsett så 2 ss hoisinsaus, 1 ss soyasaus og nokon dråper sesamolje. Rør slik at alt vert dekt av sausen og server saman med laksen og ris.  

 

 

Tips:  

Denne oppskrifta er rekna på 4 porsjonar, det er derfor mogleg å sette til sides nokon porsjonar så ein har middag til seinare i veka.  

Hoisinsaus kan ein kjøpe på dei fleste vanlege matbutikkar og kjem i ein liten flaske.  

Sesamolje kan ein kjøpe på dei større matbutikkane, med betre utval.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.