Oppskrift: Heimelaga müslibar

Oppskrift på heimelaga muslibar. Foto: Ingrid Krossbakken

Oppskrift: Heimelaga müslibar


Müslibarar er eit godt alternativ som mellommåltid. Desse müslibarane er fullpakka av næring og energi, og held deg mett til neste måltid.

 

Ingrediensar:

100g mandlar

50g usalta cashewnøtter

70g graskarkjernar

70g solsikkefrø

100g havregryn

25g kokosmasse

50g tørka mango

50g honning

50g peanøttsmør

1 egg

0,5 dl vatn

50g mørk sjokolade (kan sløyfast)

 

 

Slik gjer du:

  1. Sett steikeomnen på 175 grader.
  2. Grovhakk mandlar og cashewnøtter, og bland det saman med graskarkjernar, solsikkefrø, havregryn og kokosmasse.
  3. Spre blandinga utover eit bakepapirkledd steikebrett og steik det i omnen i 10-15 min, for så å avkjøle det til romtemperatur. Pass på at det ikkje vert brend.
  4. Kutt tørka mango i små biter og tilsett i müslien.
  5. Ha honning og peanøttsmør i ein liten kjele og varm forsiktig opp, så det ikkje brenn seg. Då alt har smelta tek ein kjelen av varmen og tilsett vatn. Når blandinga har romtemperatur pisk inn eit egg.
  6. Hell honning og peanøttsmør-blandinga over müslien og bland godt.
  7. Kle ein eldfast form med bakepapir og ha i blandinga. Trykk den jamt utover så den er ca 2 cm høg.
  8. Steik nedst i steikeomnen i 20 min på 175 grader.
  9. Avkjøl for så å kutte opp i barar.
  10. Smelt sjokolade og pynt på toppen.
  11. Müslibarane oppbevarast i ein lufttett boks i romtemperatur.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.