Sprø og panert kvit fisk!

Sprø og panert kvit fisk!


Synes du det er vanskelig å ete meir fisk i kvardagen? Denne oppskrifta på panert fisk er rask, enkelt og passer til det meste av tilbehør. 

 

Ingrediensar:  

 

1 filet kvit fisk (til dømes sei, lyr, torsk) 

1 egg 

4 ss kveitemjøl 

2 ss havregryn 

2 ss grovt mel eller griljer mjøl 

Salt og pepar  

 

Slik gjer du:  

  1. Visp saman eit egg i ein skål  
  2. Ha kveitemjøl og salt og pepar i ein frysepose/skål 
  3. Bland så saman havregryn og grovt mjøl/griljer mjøl i ein anna frysepose/skål 
  4. Skjær fiskefileten i to på langs viss den er tjukk, for å korte ned steiketida  
  5. Legg fileten i posen med kveitemjøl og rist godt, slik at heile fileten er dekka av mjøl, rist forsiktig av overflødig mjøl  
  6. Vend deretter fileten i det saman vispa egget, pass på at heile fileten vert dekka  
  7. Legg så fileten i posen med blandinga av havregryn og mjøl og rist godt  
  8. Steik så fileten i ei steikepanne med litt olje på middels høg varme i ca. 3 min på kvar side, til den er gjennomsteikt 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.