Lapskaus med byggryn og pølse  

Foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Lapskaus med byggryn og pølse  


No om hausten er dei norske rotgrønsakene i sesong og smakar ekstra godt i ein lapskas. Lapskaus er enkelt å lage samt gjev mykje mat for pengane. Denne oppskrifta er stor og ein treng ein stor kjele (ca. 5-6L), dersom du ikkje har dette kan du godt halvere oppskrifta så det får plass i ein mindre kjele. 

 

Ingrediensar: 

  • 4 gulrøter  
  • ½ kålrot  
  • 2 persillerøter  
  • 5 poteter  
  • 1 purre 
  • 4 kjøttpølser  
  • 50g byggryn  
  • 2 kjøttbuljongterningar  
  • 1 ½ L vatn  

 

Slik gjer du: 

  1. Start med å kutte alle grønsakene og pølsene i passe store bitar. 
  2. Ha alle grønsakene i ein kjele og steik dei i olje eller smør i 5 min. 
  3. Tilsett vatn og buljongterningane og kok opp, for så å skru ned til middels låg varme. La det koke i ca. 45 min. 
  4. Når det er 20 min igjen av koketida tilsett du byggryna og pølsene.  
  5. Sjekk om grønsakene er møre  
  6. Server med flatbrød og nyt! 

Tips!

Sidan dette er ein stor oppskrift kan det vere fint å fryse ned restane dersom ein ikkje vil ha lapskaus fleire dagar på rad. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.