Chewy cookies med havregryn og sjokoladebiter  

Unn deg noko godt til helga og bak desse deilige kjeksa som er sprø utanpå og mjuke inni. Garantert ein ny kjeksfavoritt! Oppskrifta gir ca. 6 store kjeks.  

 

Ingrediensar: 

 

75g romtemperert smør  

75g kvitt sukker  

75g brunt sukker  

1 stk. egg  

75g havregryn  

75g sikta kveitemjøl  

¼ ts salt  

½ ts vaniljesukker  

1 ts bakepulver  

100g sjokolade  

 

 

Slik gjer du:  

 

  • Visp saman det romtempererte smøret og kvitt og brunt sukker, bruk gjerne ein handmiksar slik at det vert vispa godt saman. 
  • Visp så godt inn eit egg . 
  • Deretter tilsett ein resten av ingrediensane utanom sjokoladen og bruker ein slikkepott for å blande det saman. Slutt å røre når alle ingrediensane er blanda inn*. 
  • Kutt sjokoladen i biter og vend det inn i blandinga. 
  • Sett bollen i kjøleskapet i ca. 15 min. 
  • Ta ein toppa spiseskei med kjeksdeig og legg det på ein bakepapirdekka steikeplate. Kjeksa vil renne utover når dei steikast så la det vere god plass mellom kjeksa.  
  • Steik kjeksa på 200 grader i ca. 20 min, tida kjem an på kor store kjeksa vert. Kjeksa skal fortsatt vere mjuke når dei tas ut, dei vil stivne når dei kjølast ned. 
  • Avkjøl og nyt! 

 

Tips  

*Det er viktig at ein ikkje rører for mykje i blandinga etter ein har tilsett mjølet, då vert ikkje kjeksa like «chewy». 

Forfatter

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.