Deilige sjokoladecookies som er sprø utanpå og mjuke inni. Del dei med andre eller et alle sjølv! 

 

Ingrediensar 

  • 100 g sukker  
  • 160 g brunt sukker 
  • 1 ts salt  
  • 110 g smelta smør 
  • 1 egg 
  • 1 ts vaniljeekstrakt  
  • 150 g mjøl  
  • ½ ts bakepulver 
  • 200 g sjokolade (gjerne 100g lys og 100g mørk sjokolade) 

 

Slik gjer du: 

  • Visp sukker, salt og smelta smør saman til det ikkje er nokon klumpar.  
  • Visp så inn egg og vaniljeekstrakt godt.
  • Bruk så ein sleikepott til å røre inn mjøl og bakepulver, det er her viktig å ikkje røre for mykje.
  • Kutt opp sjokolade i middels store biter og vend dei inn i deigen.
  • La deigen stå kaldt i 30 min.
  • Bruk ein spiseskei til å ta opp deig og rull dei til ballar.
  • Steik kjeksa på 180 grader i ca. 14 min, tida kjem an på kor store kjeksa er.
  • Kjeksa skal vere mjuke når du tek dei ut, og stivnar litt når dei får kjølt seg ned.

 

Forfatter

, , , , , , , , , , , , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.