nattehimmel med stjerner og et stort avis-papirfly med teksten 20 år

Av: Targeir Attestog

I februar i år var det 20 år sidan første utgåve av studentavisa Unikum kom. Med tanke på at det i dag berre finst seks Agder-studentforeiningar igjen frå det 20. århundre, er dette imponerande. 

Det første kjente studentmediet i Agder var Sørvisa studentavisa i 1987. Den blei tett etterfølgt av Studentradioen i Kristiansand, som heldt det gåande til slutten av 2016, tett etterfølgt av storsatsing på podkastar i Unikum. Sørvisa gjekk derimot under i 2000 på grunn av høgt driftsnivå med dårleg økonomistyring.  

 

Det startar med ein idé 

SiA-leiar Tor Erik Grimslid tykte at det var for gale at det ikkje lenger var noko studentavis på Høgskolen i Agder. Høgskolen i Agder (HiA) var nemleg oppteken av å satse og vekse, og tenkte på å bli universitet allereie då. 

I studentparlamentet møtte han på norskstudenten Torgeir Moen, som blei Unikums første redaktør. Grimslid ordna med mediestøtte og arbeidslokale som Unikum framleis har i dag. 

Det kom ut eit lite prøvenummer med tittelen Hialogen i desember 2000, men dei var ikkje heilt fornøgde med det namnet. Grimslid var oppteken av at namnet skulle signalisere noko eineståande og flott. Då måtte namnet naturlegvis bli Unikum, som på latin betyr «noko som er eineståande». 

I januar 2001 kom spesialutgåve av Unikum laga av mediestudentar utanfor Unikum-redaksjonen om utbygginga av dagens Kristiansand-campus på Gimlemoen. Det var først i februar at den nyoppretta Unikum-redaksjonen fekk gi ut si første offisielle utgåve. Hovudsaka der handla om at ein måtte betale for data-utskrifter over ei bestemt kvote, mens det framleis var heilt gratis å bruke kopimaskin.  

Ei utgåve av Unikum frå 2003. Foto: Unikum

På andre forsøket 

Unikum nummer 3 i april blei siste utgåve i 2001. Heldigvis var det ein ny gjeng som tok opp att tråden nesten eitt år seinare. Blant dei var fransk-omsetjingsstudenten Helle Ingeborg Andersen (seinare Mellingen) frå HiA og journalistikk-student Mari Helland (seinare Frøysnes) frå Mediehøgskolen på Gimlekollen. Dei skulle bli dei to neste redaktørane i Unikum. 

Også i 2002 var Grimslid leiar i SiA og hjelpte også den andre redaksjonen i gang. Denne gongen var det også med fleire studentar frå Mediehøgskolen, som Mari fekk med seg. Ho hjelpte også med å få ei god breidde i sakene.  

Redaktør Helle reiste på utveksling til Genève, og måtte gi ansvaret vidare til Mari. Redaksjonen var då stabil med mange skrivelystne folk, og ein hadde rekneskapsførande økonomistudent og trykkeriavtale på plass. Ein marknadssjef hadde då jobben med å selje annonsar, som gjorde at Unikum fekk økonomisk overskot.  

 

Historieskrivaren og -skaparen 

Hausten 2001 måtte studenthuset Vaskeriet stenge. Grunngivinga var dårleg økonomi og samstundes at det blei lite brukt av studentar. 

Unikum nummer 1 i april 2002 viste bilete av garasje for anleggsmaskiner for HiA-utbygginga på Gimlemoen. Det var først meininga at drift skulle parkere der, men Unikum og STA pressa saman på for å få til ein samlingsstad for studentar der på kveldstid. Mars 2003 kunne Unikum fortelje at Østsia studentkulturhus hadde opna. 

Under redaktør Jon Herland i 2004 fekk avisa fekk ein ny, pikselert logo, med skrivemåten «Un!kum». Nettstaden Unikumnett.no starta opp same hausten. 

Den neste redaktøren Jorun Kummen i 2005 opplevde ein imponerande vekst frå 7 til 64 medlemmar. Då fekk avisa mellomleiarar og betalt deltidsstilling for dagleg leiar. Annonsesalet gjekk veldig bra, og ein kunne då bruke meir pengar på arrangement investere i utstyr og møblar. 

Avisa heldt på suksessen med økonomi og rekruttering dei neste åra, og følgde HiA sin veg til å bli UiA frå 2007. Det kom ei stor endring i grafisk stil på papir hausten 2009, der logoen ikkje var pikselert lenger, og sidene blei breiare. Akkurat då eg kom med hausten 2011 innførte redaksjonen under redaktør Pia Lehtinen ein ny Wordpress-nettstad med moderne design. Stilen har endra seg etter det, men du kan framleis søke etter nettartiklar der tilbake til den tida.  

Ei utgåve av Unikum frå 2014. Foto: Unikum

Motgang og ny start 

I 2012 fekk eg rolle som debattansvarleg. Redaksjonelt gjekk alt strålande, men seint på våren 2013 blei det klart at det gjekk dårleg med økonomien til Unikum. Det var høge trykkeriutgifter med opplag på 6000 og lønn til dagleg leiar, men nesten ingen annonseinntekter, som dagleg leiar skulle ha skaffa. Ved sidan av dagjobben min som programmerar, tok eg då på meg ei lita betalt deltidsstilling med å skaffe annonsørar og rydde opp i momsrekneskapen. Med halvert opplag, kraftig auke i annonseinntekter og  overflødig moms betalt tilbake frå staten, klara Unikum akkurat å gå rundt fram til avisa fekk tildelt ny årleg mediestøtte frå UiA i januar 2014. Eg kunne då trygt gi jobben vidare til ein student med godt samvit. Akkurat då fekk Unikum ei oppussing i grafisk stil på papir, som er stort sett den same som i dag. 

Eg kom tilbake til Unikum igjen i 2015 som indøk-student, takka vere oljekrisa. Eg engasjerte meg då i ulike underredaktørverv. I februar 2016, då Unikum fylte 15 år, var eg tilfeldigvis vikar for sjefredaktøren. Gjennom våren ein artikkelserie om Unikums første fem år, og på hausten var det jubileumsfest på Østsia og Alibiet, der medlemmar frå 2011 og seinare var med. 

Tom Erik Grimslid, SiA-leiaren som hjelpte dei to første redaksjonane i gang, døydde brått på slutten av 2018, nesten 42 år. Utan han hadde vi kanskje ikkje hatt ei studentavis i Kristiansand i dag. 

 

Livet etter Unikum 

Etter tida i Unikum har eg hatt ulike programmerarjobbar og frivillige styreverv. Kunnskapane mine om skriving, planlegging og organisering frå tida i Unikum har kome godt med i ulike former. Eg har inntrykk av at mange andre Unikum-veteranar også har hatt det slik, sjølv om eg har hatt lite kontakt med dei i det siste. Det ville vere hyggeleg å kunne møte nokre av dei igjen på jubileumsfest! 

Sjølv om eg dessverre ikkje har hatt så mykje tid til å lese Unikum sidan eg slutta, er eg kjempeglad for at studentavisa framleis lever, både på papir og nett. Dette er levande studenthistorie, som eg er stolt av å ha vore med på! 

Lykke til vidare, Unikum og alle unikummarar! 

 

 

For folk som er nysgjerrige på den tidlege historia til Unikum, vil eg anbefale følgjande artiklar på unikumnett.no: 

Februar-utgaven av Unikum! (2016) 

 

Unikum opnar PDF-arkivet 

2001 – ein avisodyssé 

2002 – Unikum reloaded 

2003 – Atter ein redaktør 

2004 – Overgangen til nytt design og nettavis 

2005 – medlemsboom i Unikum 

Forfatter

, , , , , , , , , , , , , , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.