Seks år på rad har Kafé Kampus blitt kåra til landet si beste studentkantine. Med eit slikt godt rykte – kvifor gjere endringar i kantina?

Nye endringar som vart sett i gang frå og med studieoppstart i januar inkluderer at det ikkje lenger er servering av mat etter klokka 16, medan ein før kunne kjøpa middag fram til klokka 17. Ei anna endring som er gjort er at det no ikkje lenger finst eit middagstilbod der ein kan velje seg ut ein rett på ein meny for ein gitt pris, men i staden kan ein velje kva matrettar – og kor mykje ein vil ha av kvar rett i ei buffetordning. Prisen kan ein også no regulere sjølv, då ein tek den mengda ein vil ha for 16,90 kr pr. hekto.

Studentane har ulike meiningar om den nye ordninga, som kjøkkensjef og leiar for kantinedrifta gjerne vil høyra om for å kunne gjere kantina best mogleg eigna for studentar.

Buffetordning meir miljøvenleg

Etter etterspurnad frå STA om å få middag på vekt i staden for faste menyar, tok leiinga for kantina desse ynskja med seg for å lage ei kantineordning som studentane ville ha. Kjøkkensjef Jette Kristensen og leiar for kantinedrifta, Jon Egil Andersen, meiner nemleg at kantina skal vera det beste moglege tilbodet for studentar. Kristensen hevdar også at ein like viktig grunn til at dei no er gått over til buffetordninga ”plukk og miks” er erfaringa dei har hatt med matsvinn.

– Det er meir miljøvenleg at studentane sjølv forsyner seg med den matmengda dei vil ha, meiner Kristensen.

 

Meir stress

Olea (20) og Linn-Katrin (20), som begge studerer samfunnsplanlegging, er nøgde med den nye kantineordninga, og tykkjer det er fint med ei forandring. Dei er begge to særs nøgde med at ein no kan plukka og miksa den maten ein sjølv ynskjer, og ser på det som eit stort pluss for miljøet at ein no forhåpentlegvis kastar mindre mat. Det einaste dei ser kan vera utfordrande for somme med buffetordninga, er at det fort kan verta meir stress som kjøpar når ein plutseleg må plukke og mikse sjølv samstundes som ein må tenke på kor mykje det kjem til å koste.

Dette seier også musikkstudenten Sindre (23) seg einig i. Han meiner at det var enklare før, ettersom ein kunne velje seg ein rett og vite akkurat kva rett ein fekk for den bestemte prisen på menyen.

Ein tilvenningssak

Kjøkkensjef Kristensen ser poenget til studentane, men seier at det er ein tilvenningssak som truleg kjem til å lønna seg. Kristensen har forståing for at studentar fort kan gå på ein smell med tanke på mengde og pris dei fyrste gongane dei tek i bruk buffeten og vil gjerne ta omsyn til dette, men meiner også at når ein lærer seg å porsjonera riktig vil dette ha ein sunn effekt på både lommeboka og miljøet.

Fleire studentar meiner den nye opningstida er problematisk ettersom mange sluttar i forelesingar klokka 16 og rekk difor ikkje å nytte seg av middagstilboda i kantina.

– Opningstidene er ei tilpassing som er gjort etter vi over lenger tid har opplevd mindre pågang i kantina så seint på dagen, seier kantineleiar Jon Egil Andersen.

Utvida mattilbod i kiosken

Jette Kristensen legg også til at sidan dei ynskjer at kantina skal vera eit tilbod som er mest mogleg ”inn i tida” og best tilpassa studentar, har dei valt å kutte ut middagstilbodet, sidan dei ser at studentar ofte synest det er for tidleg å eta middag før klokka 17. Eit alternativ til dei som ynskjer å ete middag på universitetet er å kjøpe varm mat i kiosken, som også har fått eit utvida mattilbod og er ope til kl. 18. Kristensen ber også alle hugse på at i eksamenstida vert det sjølvsagt lengre opningstider for å tilpasse studentane sine behov.

Musikkfaglærarstudentane Ingrid (22) og Ida (22) meiner maten framleis er god i kantina, og synest det er fint at ein kan velje ulike rettar. Det dei derimot ser på som ei utfordring er å vera allergikar når ein skal plukke og mikse mat i buffeten.

Kjøkkensjef Kristensen er einig i at dette kan vera ei stor utfording når ein skal forsyne seg frå ein buffet. Dette er noko som kanskje var enklare når ein kunne bestille ein bestemt rett som ein visste var allergifri, utan å bekymra seg for om reiskap vart flytta mellom dei forskjellige rettane. Det er også noko som vil bli fylgt med på om det skulle verta eit stort problem. Jette Kristensen og Jon Egil Andersen tek gjerne i mot tips, meiningar og idear om kantina, ettersom målet ikkje er å gå i overskot, men å ha ei kantine som er det beste moglege tilbodet for studentar.

Sjå heile magasinet her.

Tekst: Signe Seim Vesterheim
Foto: Yeonjae Kim

Forfatter

, , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.