FIFA16-turnering på Bluebox

Fifa-plakat2Laurdag 14. november er det turnering i fotballdataspelet FIFA16 på Bluebox. Ei prosjektgruppe i masterstudiet i industriell økonomi (indøk) står bak. Denne onsdagen (28. oktober) skal dei presentere seg på stand ved Amfiet på UiA Campus Grimstad (SiG) frå klokka 11 til 12:30. Der kan folk få prøve seg i spelet og melde seg på.

I prøvesendinga til Studentradioen i Grimstad blei Fredrik Lomeland Magelssen og Karan Man Hussain frå Team6 Events, ei indøk-prosjektgruppe på fem personar, intervjua om turneringa som dei er i full gong med å planlegge. Intervjuet er tilgjengeleg i lydformat frå tidsposisjon 13:27 til 19:06 her.

Fredrik: Vi skal arrangere ein fotballdag på Bluebox 14. november. Den vil hovudsakleg bestå av hovudturnering i FIFA16, men det vil også bli vist fotballkamp frå EM-kvalifisering, og forhåpentlegvis kan vi vise kvalifiseringskamp for Jerv som kan hamne i ein situasjon der dei kjempar om opprykk til Tippeligaen akkurat den dagen.

Arrangementet vårt skal vere på Bluebox. Akkurat når det startar er litt uvisst. Det er avhengig av kor mange deltakarar vi får til sjølve turneringa, men vi har booka Bluebox frå 12 midt på dagen.

Les mer om eventet og meld deg på her!

SiG: Korleis er hovudterninga bygd opp?
Karan: – Det blir gruppespel først. Så blir det knockout-turnering. Det avhenger veldig av kor mange som har meldt seg på. No er vi rundt 25 påmeldte, og det er ei jo veke igjen med påmeldinga, så fleire vil sannsynlegvis melde seg på i løpet av denne veka. Vi har plass til mange fleire enn det vi har no.

SiG: Korleis er det med mulegheiter til å sjå på?
Fredrik: -Det er det veldig gode mulegheiter for. For tilskodarar og folk som bare vil stikke innom, er det sjølvsagt gratis. For dei som melder seg på hovudturneringa er det ei lita påmeldingsavgift, bare for å få inn ein premiepott til vinnarar av spelet.

SiG: Når er påmeldingsfristen?
Karan: -Den er hovudsakleg no til førstkomande søndag, 1. november.

SiG: Som ein god del som har følgt med på dataspel no i det siste, så er FIFA16 det første spelet i FIFA-serien som har kvinnelege spel-avatarar. Blir dei brukt?
Fredrik: -Det stemmer det. Eg har ikkje personleg testa det ut sjølv, men det er jo spennande at dei drar med den delen av fotballen, som sjølvsagt er ein like viktig del av sporten.

Les mer om eventet og meld deg på her!

SiG: Kor mange kvinner har meldt seg på?
Fredrik: -Per no, så veit eg ikkje om det er nokon som har meldt seg på, men det er fleire som har meldt seg frivillige til å stille som heiagjeng.

SiG: Kva slags spelmaskin skal de bruke til dette her?
Karan: -Det skal bare vere Playstation 4. Det blir på fleire TV-ar og fleire maskiner, for fleire kampar skal køyrast samtidig. Finalen blir mest sannsynleg vist på eit tidspunkt der alle kan kome og sjå.

SiG: Korleis blir det med snacks og drikke?
Karan: -Bluebox skal jo selje det som dei vanlegvis sel. Det er jo drikke og noe snacks. Men vi har også tenkt å selje pizza, som vi då skal ordne sjølv, så det er muleg å få mat der også.

SiG: Ser at de nettopp har inngått partnarskap med FIFALIGA.no. Kan de fortelje noko om det?
Fredrik: -Det stemmer. Dei arrangerer FIFA-turnering annankvar veke både i Kristiansand og Arendal der dei ønskjer å fremje FIFA-kultur på Sørlandet. Det er to-mot-to-turnering der ein som deltakar får gode prisar på mat og drikke på mat og drikke på Harveys i Kristiansand og Sportsbar 1 i Arendal.

Les mer om eventet og meld deg på her!

SiG: Kva får ein til premie i turneringa på Bluebox?
Karan: -Premiane er ikkje annonsert enno. Det avhenger av kor mange som melder seg på, men det vil bli premiar for 1., 2. og 3. plass. 1. plass blir mest sannsynleg eit gåvekort. Kor mykje det er på, avhenger av kor mange som melder seg på, og premiepotten vil auke ettersom fleire melder seg på. 1. plassen vil få trofé og dei to andre vil få medalje.

SiG: Dette er jo eit prosjekt, men er dette noko som kan bli eit fast opplegg?
Fredrik: -For vår del, så så veit ikkje eg om vi kjem til å arrangere noko vidare, men det er interesse frå FIFALIGA.no å opprette same tilbodet som dei har i Arendal og Kristiansand i Grimstad også i framtida.

Verten for radioprogrammet, som også har skrive denne artikkelen, ønskte Team6 Events lykke til med arrangementet. Radioprogrammet var resultatet av arbeidet til ei anna indøk-prosjektgruppe.

Facebook-hending for turneringa – les mer om eventet og meld deg på her!

Tekst: Targeir AttestogSend mail

Illustrasjon: Team6 EventsSend mail

Forfatter

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.