For tvo år sida om du hadde spurd meg om mi arv og min identitet, ville eg nok svart noko i retning av mest norsk, men med litt italiensk, litt skotsk og kanskje litt samisk. Lite visste eg då korleis mitt sjølvbilete og min identitet ville bli snudd på hovudet innan eit år var omme.

Grunnen til denne endringa er knytta til ei gjenoppdaging av kor vår familie stammar frå, og ei grufull historie om diskriminering, rasisme, undertrykking og kulturelt folkemord i Noreg sine siste tvo hundre år.

Eg er same. Samane si historie i Skandinavia, Finland og Russland har skapt ein mørk bakgrunn der det å vere same blei uglesett og utsatt for ekstreme former for institusjonell rasisme, overgrep og kulturelt folkemord gjennom det som ofte blir kalla for “Fornorskingsprosessen”. Samane vart fråtatt sine born, dei vart sendt på kostskuler der dei ikkje fekk lov å prata sine språk eller utøva sin kultur, eller dei vart satt i fosterheim hjå norske familiar. Deira menn blei tvangssterilisert av deira legar so
langt som ut på midten av 80-talet, og samane vert til dags dato fortsatt utsatt for rasisme og diskriminering i samfunnet og arbeidslivet. Når ein forstår dette bakteppet kan ein også forstå korleis og kvifor min familie mista sin kultur, sitt språk og si arv.

Mi oldemor laug om hennar bakgrunn mesteparten av livet ho sitt. Me veit no meir om hennar liv og fortid enn det ho kanskje nokon gong ville vore nøgd med at me visste, og me trudde at det var all familiehistoria me hadde blant samane. Inntil for berre tvo år sida visste eg kun nokre små bitar frå hennar liv. Ho skulle bli det samane kallar “læsar”, og for å skildra det på ein enklare måte enn det kanskje fortener å bli skildra; ein læsar er ein form for lækjar i samisk folkemedisin som gjerne gjeng i arv gjennom familiar. Læsarar “lesar” og utøver tradisjonell medisin slik som blodstopping, kopping, urter og andre former for samisk medisinsk utøving.

Det som virkeleg byrja å endra tinganes tilstand for meg var at dette viste seg å ikkje vere det einaste me hadde av samisk slekt, ei heller vår einaste tilknytning til det samiske folket. På min far si side gjorde kusina mi nokre djupdykk i arkivene og fann ut at tvo av mine tippoldeforeldre der var samar og gjennom måten den var registrert på at dei snakka samisk heime. Kort etterpå fann kusina til min morfar ut vår tippoldefar var samisk og snakka samisk heime. Gjennom dette fekk morfar si kusine høve å skriva seg inn i Valmantalet til Sametinget (populært kalla Samemanntalet) som gjorde ho offisielt samisk og gav ho rett til å stemma i val til Sametinget.

Her må eg klargjere noko veldig viktig. Det er ikkje mengden av samiske slektsbånd ein har i slekta si som bestemmer korvidt eg skulle vere samisk eller ikkje. Om du har noko samisk arv i familien din so er du av samisk slekt og ingen kan ta det vekk frå deg eller måla deg på korvidt det er eller ikkje er nok same i deg. For meg kjem det å bli samisk andre årsaker til grunn. Det har vore mykje meir det å forstå dei tunge, vanskelege stega mine forfedre har måtte ta for å overleva og bli anerkjend i den norske kulturen som praktiserte assimilering eller straff mot det samiske folk i lang tid. Den smerten og pinen, den kampen dei måtte ta har drivi meg tilbake mot kulturen vår. Ved å æra og ta på meg min samiske identitet ærar eg deira offer og kamp. Dette året vil vere fyrste gong eg på eit djupt, personleg nivå, vil feira Samenes Nasjonaldag den 6. Februar. Med dette byjar vår familie å ta tilbake det som vart stolet frå oss.

Lihkku beivviin! Gratulerar med dagen 6. februar!

Tekst: Kristoffer Liland

Forfatter

,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.