Luke Dokter frå organisasjonen Ingeniører Uten Grenser (IUG) besøkte sist onsdag UiA i Grimstad. Han var invitert av NITO Studentene UiA til å presentere IUG for ingeniørstudentane i austfylket.

PÅ JAKT: Luke Dokter, daglig leder i Ingeriører Uten Grenser, leter etter engasjerte ingeriørstudenter. (Foto: Thomas Hegna).

Luke Dokter er utdanna som miljøingeniør (vatn og avløp) og har skrive masteroppgåve ved UiO. Australiaren, som har busett seg her i landet, er dagleg leiar i Ingeniører Uten Grenser Norge og har tidlegare jobba i Raudekrossen, Kirkens Nødhjelp og Care International.
– NITO og Tekna er nokre av våre største støttespelarar, seier Dokter som har blitt invitert til Grimstad av studentforeininga til førstnemnte. IUG Norge er berre to gammal. Leiaren seier at dei har brukt dei to åra på diskutere kva
organisasjonen skal jobbe konkret med.

– Det er som er viktig no er å finne flest mogleg engasjerte studentar som kan bidra til å oppnå målsettinga vår. Vi har over 500 medlemer no i landet, og det talet ønskjer vi å auke, fordi det er der vår kapasitet og vår styrke ligg. Vi får ikkje til noko utan dei frivillige.

Omkring halvparten av medlemene er studentar. I det siste har IUG presentert seg på Høgskolen i Oslo og Akershus, der eit nytt lokallag har starta opp. Det har også vore presentasjon på UMB, men det desidert største lokallaget er ifølgje Dokter på NTNU, der det er over 25 aktive medlemer.

Ikkje som Leger Uten Grenser

Australiaren fortel at neste prosjekt skjer i mai i samarbeid med Afghanistan-komiteen der IUG skal støtte vurdering av jordskredfare i små landsbyar i ein Afghanistan-provins.

– Vi sender då ut ein erfaren, geoteknisk ingeniør saman med ein yngre, uerfaren geoteknisk ingeniør
frå Noreg. Den erfarne skal lære lokale ingeniørarane å vurdere skredrisiko. Den yngre skal lære frå han og få erfaring frå felten.

I tillegg til jordskred er det også tale om snøskred og jordskjelv. Dokter nemner også at IUG har støtta med kompetanse til oppsetting av trådlaust nettverk i indiske landsbyar.

Dokter presiserer at IUG ikkje er som Leger Uten Grenser. IUG skal ikkje jobbe aktivt sjølv med nødhjelpsarbeid. Målsetjinga er å skape plass i Noreg for ingeniørar til å bidra til samfunnet. Leiaren seier at IUG kan bidra til at medlemer som ønskjer det, kan reise ut til felten med IUG sine partnarorganisasjonar som for eksempel Flyktninghjelpen. – Vi hjelper andre organisasjonar med ingeniørkompetanse, men hovudmålsetjinga er å påverke tankegangen hos ingeniørar, slik at dei kan få ei brei forståing av korleis dei kan bruke sin kompetanse til å endre verda.

Sjølvstendige, samarbeidande organisasjonar

Ingeniører Uten Grenser er også open for andre medlemer enn ingeniørar. Organisasjonen rettar seg berre mest mot ingeniørar. IUG finst over heile verda, men det er ingen internasjonal hovudorganisasjon. Alle nasjonale organisasjonane er uavhengige av kvarandre, men dei samarbeider ifølgje Doktor mykje. Helga før var det internasjonalt møte i København om nettopp det å samarbeide betre med kvarandre. I Australia, heimlandet til Dokter, har Engineers Without Borders (EWB) eksistert i 10 år og er relativt stort i dag. Dokter seier at EWB Australia og EWB Canada er velfungerande bistandsorganisasjonar og håper at det også er slik med IUG Norge om fem år.

– Alle IUG-ar starta på same måte: Ein liten gjeng med folk som var engasjert og som bygde opp
organisasjonen frå grunnen, slår ein optimistisk miljøingeniør fast.

Tekst: Targeir Attestog – targeir.attestog@unikumnett.no

Foto: Thomas Hegna – thomas.hegna@unikumnett.no

Forfatter

, ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.