På starten av 90-talet var Noreg ein velverna nasjon mot kriser som krig, hungersnød og pandemiar. Dette er ikkje lenger tilfelle.

Det er spesielt tri felt Noreg virkeleg har mista all si vernebuing mot kriser. Etter at den kalde krigen var over valte dei fleste nordiske land å byggja ned si vernebuing mot kriser då dei ikkje såg for seg storkrig eller forsyningsmangel. Spesielt etter at Noreg vart med i EØS, den Europeiske Økonomiske Sona, i 1994, so vart viktige deler av sjølvberginga til den norske staten lagt ned. Finland er eit av dei få landa som ikkje bygde ned sin beredskap og sine sjølvbergingsystem på 90-talet, tverdt i mot bygde dei ut alle desse systema og har lagring av mat, medisin og utstyr i opptil eit år. Faktisk har Finland so mykje på lager at dei leiger lager i utlandet for å få lagra alt.

Me skal av desse grunnene sjå litt nærare på Noregs nedbygging av kriseberedskap og totalforsvar, då dette har hatt ein tydeleg effekt i vår beredskap og handtering av dei mange effektene som har kome av coronaviruset COVID-19.

Medisiner og medisinsk utstyr

Det er fyrst og fremst på medisin og utstyrsvernet vårt at kriseberedskapsmangelen har blitt kjend. Der hadde me tidlegare gjennom det statlege selskapet, Norsk Medisinaldepot (NMD), vernebuingslager og grossist med medisin og utstyr til helsevesenet som kunne forsyna det norske helsevesenet i eit halvt år utan nye forsyninger utanfrå. NMD blei oppretta i 1953 og hadde einerett til import, eksport og engrossalg av legemedel i Noreg. NMD blei som følge av EØS gradvis privatisert fram til det blei solgt til eit tysk selskap i 2001 gjennom apotekreformen. NMD eiger no dei over 200 vitus-apotekene rundt om i landet, som før var statlege apoteker, og kjøper kun inn det som dei trur kjem til å selga i korte perioder framover. Det er totalt tri private grossister som forsyner den norske marknaden med medisiner. Forutan mangelen på kontroll over innkjøpsvaner og forhandlinger so var Noreg difor fullstendig uforberedt medisinsk og utstyrsmessig når COVID-19 byrja å bre seg om i landet i tidleg mars. Mange norske helsepersonell har opplevd å mangla tilgong til grunnleggjande personleg verneutstyr. Med pandemien som no brer seg om over heile verda so har dette satt Noreg i ein vanskeleg situasjon der det er ekstremt vanskeleg å få tak i medisinar og medisinsk utstyr, då det står i fare for å bli beslaglagt under reisen av andre land (dette skjedde blant anna i Polen av varer bestilt til norsk helsevesen).

Både store fagforeninger, deriblant Fagforbundet med sine 365 000 medlem, og fleire politiske partier går no inn igjen for å gjenetablera eit statleg medisinaldepot for å sikra oss mot framtidige pandemier. Dette nye systemet må i følge desse organisasjonene både produsera medisinsk utstyr i Noreg og importera til Noreg, då står me på tryggare grunn. Det er skremmande at norsk helsepersonell må finna seg i å mangla utstyr når dei risikerer liva sine for å redda liv. Det framstår som merkeleg at det er greit at me har statleg monopol på salg av vin og brennevin, men grunna EØS regler so får me ikkje lov til å gjere dette med medisiner. Dette viser kor svakt New Public Management modellen er for å handtera effektivt statens behov.

Korn, sjølvberging og matlagre

På slutten av 60-talet hadde Noreg 300 000 tonn med korn i lagre. Noreg hadde fortsatt på starten av 90-talet store kornlager og matlager rundt om i landet, der me hadde ei vernebuing i alle fall med eit halvt års matforsyning for det norske folk dersom forsyning av mat skulle falla bort. Staten eigde eit kornlager i Stavanger fram til 2014, men dette var ikkje i bruk og blei solgt til Felleskjøpet Agri. Noreg har ein sjølvbergingsgrad av dyrka vekster på 45%, noko som gjer oss særs sårbare i situasjoner der handelsforbindingene skulle kollapse. Noreg eksporterer store mengder fisk, men det er usikkert om dette kan gjere opp for eventuell kollaps av andre matkanalar,

Sist gong dette var oppe til ny diskusjon var under dagens regjering i 2017. KrF og Venstre var for å få dette inn i statsbudsjettet, men Høgre og FRP ynskja ikkje dette, og gav denne forklaringa:

– Behovet for en egen kornberedskap blir mindre etter hvert som verden blir stadig mer integrert, sa dåtidas næringspolitiske talsperson i Høgre, Gunnar Gundersen.

Då COVID-19 slo til viste det seg fort at den uttalelsen kunne bli problematisk. Fleire Europeiske land stengte sine grenser for eksport av medisiner og matvarer i tilfelle krisa skulle bli langvarig. Finland er blant eit av desse landa som stoppa all eksport av mat og medisin. Finland har vore eit foregongsland i førebuing mot kriser. Dei har so mykje mat lagra i sine korn og matlagre at dei leiger lagerplass i utlandet for å få lagra alt.

Noreg har satsa for lite på sjølvberging, det står i dag 33252 tomme småbruk og landbrukseiendommer rundt om i landet. 12338 av desse er uoppgjorte dødsbo. Stor del av årsaken til at mange av desse bruka står tomme er den storstilte politiske støtta til storbruk av av skog og mark, ikkje på småbruk. Ei litt meir hastande krise som har oppstått under nedstenginga av samfunnet er at norske bønder no manglar 30000 sesongarbeidarar då dei har blitt avhengige av billig arbeidskraft frå andre land i Europa.

Dei siste ti åra har Noreg hatt fleire haustesesongar der me har hatt for mykje regn eller for mykje sol, slik som tørkesesongen i 2018 med store mengder skogbrann og små avlinger. Det burde vere tydeleg i lys av dei internasjonale forbindingene under denne krisa at å forventa at andre land skal forsyna Noreg fordi landet har ein god kredittscore og eit enormt oljefond kan vere ein svak tryggleik å basera sine beredskapsplaner i.

Feltsjukehus og forsvarets rolle i kriser

Det norske forsvaret pleide å ha 37 lette feltsjukehus i tillegg til medisinsk utstyr lagra i fjellhallar rundt om i landet. Dette har alt forsvunnet etter omlegginga av forsvaret etter år 2000. Å erstatta dette aleine i dag ville kosta minst 5 milliarder kroner etter forsvarets eigne anslag. Før år 2000 hadde forsvaret 6 forhåndsrekvirerte cruiseskip som skulle brukast til skipshospital, denne

ordninga blei også avvikla. I dag har me kun tri sett med feltsjukehus basert i containere, med maks kapasitet på 50 pasienter kver.

Det utstyret og dei feltsjukehusa som forsvant ville ikkje kunne takla akkurat det same som fullt utrusta sjukehus, men dei kunne virka avlastande på sjukehusa, slik at mindre kritiske pasienter og sjukdommar kunne bli behandla i feltsjukehusa, mens krisebehandlinga kunne foregå i større grad i helsevesenet for øvrig.

I sanitetsdepoter rundt om i landet hadde forsvaret også nok respiratorer på lager til å utstyre alle 37 feltsjukehusene ved behov. Det kan tenkjast at desse ville vore veldig nyttige å fortsatt ha på lager i dag. Noreg har per dags dato kun 550 intensivrespiratorer tilgjengeleg.

Potensiell framtidig krise

Når det gjelder matsikkerhet, medisinsikkerhet og medisinsk beredskap eiger ikkje Noreg lengre førebuing mot katastrofer skulle det bli kaskadekollaps i forsyningslinjer verda rundt, og spesielt i EU der me deltek i fellesmarknaden. Skulle det komma ei krise som ikkje lar seg løysa med å halda seg innendørs, der helsevesenet vert overbelasta, eller akkutt klimakrise der me ikkje får produsert avling eit år står me utan sikkerheit for at andre land skal kunne levera til oss. Det framstår som svikt i alle ledd når staten har klart over 25 år å byggja ned alle system for beredskap og det ikkje har blitt ropt høgt nok varsko om dette. I undersøkelsen av desse fenomenene har Unikum gått gjennom artikler og djupgraving på kvert enkelt punkt, men har ikkje funnet noko som virkeleg dekker omfanget av nedbygginga som har funnet stad.

COVID-19 var ei uventa krise, og ramma hardt og kjapt verda rundt. Klimakrisa derimot er ei varsla krise som får større og større konsekvenser for kvert tiår, både her i Noreg og verda rundt. Kor lenge kan Noreg stola på at våre allierte og våre handelspartnarar kan forsyna landet, når dei også står overfor dei same krisene me sjølv går gjennom? Noreg har ein stor pengesekk, men kanskje ein dag må også me finna ut at me ikkje kan eta penger.

Heldigvis so innførte regjeringa og lokale myndigheiter strenge og effektive tiltak fort som hjalp å redusera smitteeffekten av COVID-19, og regjeringa har uttalt at dei skal sjå på beredskapen framover. Kan me stola på dette?

Det får visa seg.

Tekst: Kristoffer Liland

Forfatter

, , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.