To studiner som sitter foran en bakgrunn av treverk. Diskuterer gladelig over en MAC. Ser på hverandre.

Korleis auke høve til å få seg jobb etter utdanning

Skrevet av: Jaamac Philip Korn 
Rekrutteringsrådgjevar i Academic Work og karriererettleiar 

 

Fyste dag på universitetet. Eit nytt steg i utdanningskarrieren. Mykje å tenkje på og mykje å organisere. Det siste ein no vil bruke tid på er å pønse på kva som kjem etter utdanninga. Ein orkar kanskje ikkje hovudbrott korleis ein skal skaffe seg ein fulltidsjobb etter at ein har fått bachelor- eller mastervitnemålet sitt. Ein vil vere student, vil vere fri og vil nyte dette nye avsnittet på vegen mot å bli «ein vaksen». Men i dag held det ofte ikkje lenger med «berre» god utdanning. Det er tøff konkurranse på jobbmarknaden og dei som har byrja tideleg å bruke studietida til å byggje ein god CV, har eit fortrinn i kampen om dei ettertrakta jobbane. Det har eg fått sett mange gongar i min stilling som rekrutteringsrådgjevar. No vil eg ikkje vere festbrems og nekte de å ha ei gøy studietid, men eg vil dele nokre tankar på korleis de kan bruke denne tida for å stille betre i kampen om draumestillinga.  

 

Kva studerer du og kvifor gjer du det? 

Gratulasjon! Du har fått deg ein studieplass og skal no bli økonom, sosionom, statsvitar eller noko heilt annet. Om du ikkje har valt eit profesjonsstudium, som oftast leder direkte til ein relatert jobb, til dømes som barnehagelærar, lærer eller sjukepleiar, burde du vere klar over kva det er du studerer og kva du ynskjer å oppnå med dette studiet. Kva er dine mogelegheiter om du har fått deg ein bachelor i sosiologi, sosialt arbeid eller engelsk? Sett deg ned og tek deg tid til å undersøke litt kva slags jobbar som finnast. Prøv også å finne ut kva slags jobbar du kunne trivast med. Ikkje alle som studerer sosiologi kan tenke seg ein kvardag i barnevernet. Ikkje alle som studere økonomi skal sitte i ein bank. Ein god mogelegheit er å sjå litt på finn.no om du finn nokre jobbar der, som krev din utdanning og les litt gjennom arbeidsoppgåvene og stillingspresentasjonane. Misforstå meg rett, studietida di er meir enn å berre førebu seg på ein framtidig jobb. Det handlar om å lære nye ting! Ver open og nysgjerrig og ikkje tenk berre på den eine jobben du har sett på finn. Det finnast sikker mange andre jobbar der ute som du ikkje ein gong veit om. Men å ha ein generell retning å gå i, kan hjelpe deg å ha ein slags raud tråd å halde deg til. Her er det altså viktig å vere klar over kvifor du studerer og kvifor du studerer akkurat dette. Er det berre fordi du er interessert i det uavhengig av kva som du vil halde på med seinare i livet eller veit du kva du vil bruke det til i arbeidsmarkanden? Begge delar er heilt greie, men du må vere klar over det.  

Nært bilde av fanget til en student som sitter i sengen sin med MACen på fanget og en kaffekopp
Foto: Freestock

Tideleg karriererettleiing kan hjelpe 

Er du framleis usikker og veit ikkje heilt kva du eigentleg gjer her? Synast du det er skummelt og forvirrande å vere student? Har du blitt usikker på om dette her er eigenleg det riktige for deg? Då kan det vere veldig nyttig å snakke med ein karriererådgjevar. UiA Karriere er staden å vende seg til. Dei har fantastiske rådgjevarar som kan hjelpe deg med å justere kursen litt og med å bli betre kjent med kva du har av evner og interesser som kan vere gull for vidare utvikling. Etter min erfaring sit mange med kunnskap og eigenskapar som dei ikkje er klare over at dei har. Karriererettleiing kan vere ein mogelegheit til å oppdage eit slikt ubrukt potensial. Mange tenkjer ikkje på karriererettleiing før studiet nærmar seg slutten, men eg vil gjerne oppfordre til å nytte dette tilbodet allereie tideleg i utdanningsløpet om du er usikker eller ikkje har eit klart mål forran augo.  

 

Verv, deltidsjobb og hobbyar som erfaring 

I min kvardag ser eg ofte at me har veldig motiverte kandidatar som har høg utdanning, men ikkje noko som helst erfaring. Eg skjønar godt at ein vil fokusere på det å studere og at det er uansett mykje nok å gjere når ein er student. Men det visar seg at det er vanskeleg å skaffe seg ein relevant jobb utan erfaring. Det beste som kan skje er at du allereie veit kva du vil jobbe med når du er ferdig og klarar å skaffe deg ein relevant deltidsjobb i same bransje. Men det er ikkje alle som kan det. Om du har valt studiar som statsvitskap kan det vere utfordrande å finne seg ein deltidsjobb, òg grunna avbyråkratiseringa. Her er det enda viktigare at du veit i kva retning du ynskjer å gå og så prøver å finne ut kva slags andre typar erfaring kan vere nyttige. Tenk at du vil gjerne bli rettleiar i NAV, da kan du sjå på utlysingar frå NAV og sjå kva slags erfaring dei er ut etter. La oss seie at det er mykje rettleiing av utanlandske brukarar, så kan det vere bra om du har klart å skaffe deg erfaring med denne gruppa. Tenk på frivillig arbeid i med flyktningar. Om du ynskjer å jobbe for ein viss del av den kommunale forvaltninga, så kan du sjå om det finnast noko tilbod for frivillig arbeid i dette feltet. Om du skal bli journalist, så kan eit verv i studentavisa vere gull å ha på CV-en. For fleire studium, særleg innan IT, er det ofte bra om du kan vise til fritidsprosjekt. Bruk fritida di til å programmere og lag deg ein Github slik at du kan vise til dette arbeidet.  

En smilende jente ute foran et glassbygg
Foto: Freestock

Ver oppdatert og følg med 

Det er bra om du veit kva som går føre seg i feltet du vil jobbe i. Hold deg oppdatert og sjå kva som etterspørjast. Kva slags teknologiar brukast meir og om du ikkje kjenner at du lærer nok av det i studiet ditt, kan det vere ein fordel om du bruker noko av fritida di til å lære det. Tenk at du studerer IT og ikkje lærer nok om objektorientert programmering, men du veit at C++ og Java kjem til å vere ein viktig del av verktøykassa i draumejobben din, då kan det vere bra å bruke fritida di til å lære å programmere i desse språka. I eit jobbintervju merkar ein fort om nokon verkeleg er interessert i fagfeltet. Her er det viktig at ein veit kva som har skjedd dei siste åra og at ein har følgt med på utviklinga. Om du gjer det har du oftast også mogelegheit å sjå kva som kan bli nye utfordringar i framtida og kan allereie vere budd på det. Om du byrjar tideleg med dette, har du heile studietida di til å lære framtidsretta. Det kan også vere ein fordel om du følg med på kva som skjer på arbeidsmarknaden. Kva slags stillingar publiserast og kva slags profilar etterspørjast? Det er ikkje noko som du treng å stresse med, berre hald augo opne.  

 

Ikkje ver redd for å feile 

Kva om du følg desse skritta og kjem fram til innsikta at du eigenleg ikkje ynskjer å studere det du studerer no? Korleis ser det ut på CV-en om du bytter studium eller om du avbryter og plutseleg byrjar med noko heilt annet? Det ser moden ut! Det ser ut som om du er ein person som veit har gått i ei feil retning og var moden og reflektert nok til å revurdere dette. Ikkje ver redd for å «feile», men kommuniser tydeleg. Og hugs at all erfaring er god erfaring! Sjølv om du kanskje ikkje ha valt å bli økonom, men heller statsvitar, så kan du ha lært nyttige ting i økonomistudium som du kan kommunisere på din CV. Det er ikkje noko som å feile! Ein kan alltid revurdere sine val. Berre ver klar over korleis dine erfaringar kan vere nyttige i framtida og kva som dei har bidrege med til å få deg dit du er i dag.  

Forfatter

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.