Enkel og rask middag med mykje smak! Og perfekt når du skal bruke opp dei siste restane av peanøttsmør. 

 

Ingrediensar: 

  • 400g kyllingfilet  
  • 200g tørka eggnudlar  
  • Ein neve grønkål, gulrot og vårlauk, eller andre grønsakar etter ynskje  
  • 1 kyllingbuljongterning  
  •  

Peanøttsaus: 

  • 4 ss hoisinsaus 
  • 3 ss chunky peanøttsmør  
  • 1 ss soyasaus 
  • 1 ss sesamolje  
  • 2 dl kyllingbuljong  

 

 

Slik gjer du:  

  • Kutt opp kyllingfiletane i mindre bitar og steik dei. 
  • Kok opp vatn med kyllingbuljongterning i og la eggnudlane trekke. 
  • Start på peanøttsausen. Ha alle ingrediensane i eit glass med lokk og rist godt.  
  • Hell sausen i steikepanna som du steikte kyllingen i og la det få eit kjapt oppkok før du tar oppi dei steikte kyllingbitane og rører om. 
  • Samle nudlar, kylling i peanøttsaus og grønsaker og nyt! 

Forfatter

, , , , , , , , , , , , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.