Dersom du har litt ekstra grønsaker i kjøleskapet, som begynner å synge på siste verset er dette ein fin oppskrift å få bruka dei opp på. Å ovnsbake grønsaker er både godt og enkelt, og saman med ein fyldig potetstappe og saftig kyllinglår, vert det ein sunn og velsmakande middag.
Ingrediensar (ein porsjon):
1 kyllinglår rå
4 poteter
1 ss smør
2 dl matfløte
1 gulrot
¼ kålrot
5 cherrytomater
½ løk
1 fedd hvitløk
Olje
Salt
Pepper
Paprikakrydder (kan sløyfast)
Slik gjer du:
1. Sett omnen på 200 grader
2. Vend kyllinglåret i olje, paprikakrydder, salt og pepper, og legg det på eit bakepapir kledd steikebrett
3. Kutt grønsakane i biter, krydre dei med salt og pepper og olje, og legg dei saman med kyllinglåret
4. Steik grønsakane og kyllinglåret i ca. 40 min
5. Skrell og kutt potetane i store biter. Kok dei til dei er møre
6. Hell kokevatnet av potetane og knus dei med ein gaffel eller liknande
7. Rør inn smør og matfløte, til du får ein fyldig potetstappe. Smak til med salt og pepper
Tips:
Til potetstappe bruker eg mandelpotet, som gir god smak og konsistens
Bruk dei grønsakene du har, men rotgrønsaker smaker spesielt godt ovnsbakt
Leave a Reply