No om hausten er dei norske rotgrønsakene i sesong og smakar ekstra godt i ein lapskas. Lapskaus er enkelt å lage samt gjev mykje mat for pengane. Denne oppskrifta er stor og ein treng ein stor kjele (ca. 5-6L), dersom du ikkje har dette kan du godt halvere oppskrifta så det får plass i ein mindre kjele.
Ingrediensar:
- 4 gulrøter
- ½ kålrot
- 2 persillerøter
- 5 poteter
- 1 purre
- 4 kjøttpølser
- 50g byggryn
- 2 kjøttbuljongterningar
- 1 ½ L vatn
Slik gjer du:
- Start med å kutte alle grønsakene og pølsene i passe store bitar.
- Ha alle grønsakene i ein kjele og steik dei i olje eller smør i 5 min.
- Tilsett vatn og buljongterningane og kok opp, for så å skru ned til middels låg varme. La det koke i ca. 45 min.
- Når det er 20 min igjen av koketida tilsett du byggryna og pølsene.
- Sjekk om grønsakene er møre
- Server med flatbrød og nyt!
Tips!
Sidan dette er ein stor oppskrift kan det vere fint å fryse ned restane dersom ein ikkje vil ha lapskaus fleire dagar på rad.