Har du i likskap med meg alltid trudd at lapskaus er vanskelig å lage og tar alt for lang tid? Tru om igjen. Denne lapskausen er ferdig på 45 min og er overraskande enkel å lage, da alt skjer i ei gryte.
Ingrediensar:
Ca. 500g grytekjøt/ytrefilet/entrecote av storfe
4 Poteter
4 Gulrøter
½ Kålrot
½ Purre
5-7 dl vatn
1 Grønsaksbuljongterning/kjøtbuljongterning
2 ss meierismør
Salt og peppar
Slik gjer du:
1 Kutt kjøtet i passande bitar. Steik kjøtet i smøret i ein stor kjele på middels sterk varme. Kjøtet skal få ei god steikeskorpe og treng ikkje gjennomsteikast, då ein skal koke det saman med grønsakane.
2 Kok opp vatn enten i ein anna kjele eller i ein vasskokar, for så å blande ut buljongterningen.
3 Kutt opp grønsakane i passande bitar og purra i skiver.
4 Ha grønsakene i gryta saman med kjøtet og hell over buljongen.
5 Kok opp og la det småkoke utan lokk i 20-25 min eller til grønsakane er møre.
6 Smak til med salt og peppar og server med ein kvast persille og flatbrød til.
Tips:
Oppskrifta gjev ein stor gryte med lapskaus og er super å fryse ned eller å ete som rester dagen etter.
Bruk gjerne norske grønsaker, som nå er i sesong og da smaker ekstra godt.