Etter jula har eg alltid mykje mandlar igjen, som aldri vert ete opp. Ved å lage nøttesmør av mandlane får du eit nydeleg pålegg i tillegg til at ein slepp å la mandlane verte dårlege.

Til denne oppskrifta trengs det ein foodprosessor.

 

Ingrediensar:

325 g mandlar

2 ss melis

1 ts salt

1 ts kanel

 

Slik gjer du:

Steik mandlane på eit steikebrett i omnen på 200 grader i ca. 6 min. La dei så avkjøle seg litt.

 

Ha mandlane i ein foodprosessor og la den gå på full effekt. Mandlane vil først verte malt, før dei så vil sleppe ut feitt og massen vil verte blank og rennande. Denne prosessen kan ta litt tid, ettersom kor kraftig foodprosessor ein har. Dersom det legg seg mandelmasse på kantane i foodprosessoren, kan ein skrape det ned slik at alt vert med.

 

Når massen vert rennande tilsett ein melis, salt og kanel, for så å la foodprosessoren gå på full effekt til alt vert blanda saman.

 

Hell så over på glas og oppbevar i romtemperatur.

Forfatter

, , , , , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.