campus_grimstad_large

I forhandlingane om revidert statsbudsjett har ein kome fram til 430 nye studieplassar i heile landet. Til saman 270 av desse kjem til Sør- og Vestlandet, og UiA skal få 55 av desse plassane.

Pressemelding frå Kunnskapsdepartementet viser at 200 nye studieplassar kjem til Sør- og Vestlandet. I tillegg er det 200 nye studieplassar innanfor IKT og helse over heile landet, 70 av desse går til Sør- og Vestlandet, så Sør- og Vestlandet får totalt 270 nye plassar. Dessutan blir det 30 nye lærarstudieplassar hos NLA Høgskolen.

UiA får 55 nye plassar (45 i «Sør-Vestlandspakka» og 10 i IKT/helse). Bare universiteta i Stavanger og Bergen får meir, med 65 nye plassar kvar. Terje Breivik i Venstres stortingsgruppe fortel at UiA er ein av dei soleklare vinnarane i fordelinga av plassane. Venstre skal ha fått gjennomslag for dei nye studieplassane, og gjorde Unikum merksam på nyheiten. Breivik kallar dette ei gigantsatsning og skildrar dei nye studieplassane som langsiktige akuttiltak, spesielt mynta på krisesituasjonen langs kysten og den aukande arbeidsløysa på Vestlandet.

– Dette vil bidra akutt som et tilbud til dem som har eller er i ferd med å miste jobben, seier Breivik. Han peikar spesielt på den sterke satsinga på studieplassar innan IKT.

– Det er stort behov for denne type studieplasser. Disse bidrar til en kompetanse som AS Norge vil ha stort behov for i fremtiden, seier Venstre-politikaren.

Fysisk plass til dei nye studentane?

UiA har i dei siste åra hatt stor auke i tal på studieplassar, og med det fått store utfordringar med overfylte auditorium (spesielt ved studiestart) og vore nøydd til å ha nokre av førelesingane om kvelden. I vår starta gravearbeidet for utviding av UiA Campus Grimstad og Sigrid Undsets hus på Gimlemoen, som vil bidra til meir plass for eksisterande og nye studentar på sikt.

 

Tekst: Targeir Attestog – send e-post

Foto: UiA

Artikkelen blei oppdatert 14. juni 2016 klokka 15:16.

Forfatter

, , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.