Det er ikkje alltid lett å vite kva ein skal ha til middag, spesielt viss du akkurat har flytta inn i ny hybel og kjøleskapet er tomt. Då er omnsbaka omelett eit godt alternativ. Omeletten inneheld få ingrediensar og lagar seg sjølv i omnen.  

 

Ingrediensar: 

Grunnoppskrift omelett  

 – 3 egg 

– 2 dl matfløte  

– Salt og peppar  

 

Alternativt fyll  

– ¼ brokkoli  

– ¼ raud lauk  

– 4 cherrytomatar 

– Ein neve raspa ost  

 

Slik gjer du: 

Visp saman egg, matfløte og salt og peppar i ein bolle. 

– Bland inn det alternative fyllet. 

– Hell røra i ein liten til medium stor eldfast form. 

– Steik omeletten på 200 grader i 30-40 min. 

– Nyt omeletten med til dømes rundstykke og salat. 

 

Tips: 

– Som fyll i omeletten kan du bruke akkurat det du vil, det aller meste passar i ein omelett.  

– Har du restar av grønsakar eller pasta er dei fine å ha i omeletten. 

– Kor tjukk omeletten er vil sei nok om kor lang tid den treng i omnen, tynnare omelettar treng kortare steiketid.  

Forfatter

, , , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.