Etter kvart som våren og sommaren snik seg fram, og grillmaten blir meir og meir vanekost, kunne det kanskje freiste med eit lite pai-avbrekk?

Ingrediansar:

  • 4-6 eple
  • 2-3 ss sukker (avhengig av kor sure epla er)
  • 1-2 ts kanel
  • 3 dl kveitemjøl, bruk ei blanding mellom sammalt og fint mjøl
  • 75g kjøleskapskaldt smør
  • 1 dl sukker
  • Smør/olje til å smøre forma

Slik gjer du:

1. Skrell epla og del dei i biter eller skiver.
2. Smør ein passe stor eldfast form.
3. Bland saman eplebitane, 2-3ss sukker og kanel i forma.
4. Hakk smøret i bitar og smuldre dei saman med mjøl og sukker til du får ein laus, grynete masse.
5. Fordel massen over epleblandinga i forma. Steik paien på 200 grader i ca. 20 minutt til den blir litt gylden på toppen.

Tips: Bytt gjerne ut litt av mjølet med havregryn. Å tilsetje rosiner og hakka nøtter til epleblandinga gir også ein god smak. Paien passar godt med vaniljekrem eller is til.

Tekst og foto: Ingrid Nordvik Krossbakken

Forfatter

, ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.