Oppskrift: Frisk og god pæresorbet

Gjer deg klar til lange, varme sumardagar med ein frisk og enkel pæresorbet. 

 

Ingrediensar: 

1 boks hermetiske pærer i sukkerlake  

1 lime 

 

Slik gjer du: 

1. Frys ein boks med hermetiske pærer i sukkerlake*. Minst 8 timer eller over natta. 

2. Ha dei fryste pærene i lake over i ein foodprosessor. 

3. Skvis safta av ein lime og tilsett i foodprosessoren. 

4. Kjør foodprosessoren* til alt innhaldet er malt til ein sorbet. 

5. Server med ein gong eller frys ned for å nyte seinare. 

 

Tips* 

– For å sleppe å hakke fryst pære i lake ut frå hermetikkboksen, anbefaler eg å overføre pærene og laken til ein frysepose og fryse dei i den. 

– Har du ikkje ein foodprosessor kan ein fint bruke ein blender eller ein stavmiksar, med det kan da vere lurt å la pærene tine litt før ein startar, for enklare å male dei til sorbet.  

Forfatter

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.