Grove Tranebærscones
Oppskrifta gir 10-12 scones

Ingrediensar:
2 dl kveitemjøl
1 dl sammalt kveitemjøl
2 dl havregryn
2 ts bakepulver
1 dl sukker
75 gram smør (smelta)
2 dl vaniljekesam
100-150 gram tørka tranebær

Slik gjer du:
1. Sett steikeomnen på 210 grader.

2. Bland saman dei tørre ingrediensane i ein bolle.

3. Ha det smelta smøret og vaniljekesam i bollen med dei tørre ingrediensane, og bland godt saman. Deigen skal vere klissete.

4. Bland så inn dei tørka tranebæra.

5. Dekk ein steikeplate med bakepapir. Bruk to spiseskeier og legg klattar med deig på bakepapiret.

6. Sett steikebrettet midt i omnen og la dei steike i ca. 15- 20 minutt, til dei blir gylne.

Tips: ein kan byte ut tørka tranebær med andre bær eller nøtter, men om ein brukar ferske bær vil deigen bli blautare.

Forfatter

, , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.