Rike på kostfiber, B-vitaminet folat og ein god kjelde til kalium!
Ingrediensar (4 porsjonar):
- 2 stk. raudbeter
- 1 egg
- 2 dl kveitemjøl
- 1 ss bakepulver
- 2 ss brunt sukker
- ½ ts salt
- 1 ts vaniljesukker
- 2 dl sammalt kveitemjøl, fin
- ½ dl havregryn
- 3 ss flytande margarin
- 1 dl yoghurt
- 3 dl mjølk
Framgangsmåte:
- Skrell raudbetene og bak dei i omnen på ca. 200 grader til de blir møre.
- Mos så raudbetene til pure med ein stavmiksar.
- Rør så alle ingrediensane saman til ein litt tjukk røre.
- Steik lappane i ein steikepanne med litt smør/olje i, på middels varme. Bruk ein spiseskei røre til kvar lapp. Steikast eit par minutt på kvar side.
- Lappane kan serverast med honning og eit dryss melis.
Tips: for ekstra rosa lappar, steik dei på låg varme.
Tekst & foto: Ingrid Nordvik Krossbakken