Treng du eit ferskt nytt tilskot til ditt utvalg av kalde forfriskningar i sumar? Lei av utepils og vannmelon? Prøv Ingrids fargerike og nedkjølande oppskrift på bringebærlemonade!
Gir ca. 4dl konsentrert bringebærlemonade som svarar til 12dl utblanda.
Ingrediensar:
- 400g fryste bringebær
- 80g sukker
- 1,5dl pressa sitronsaft (ca. 2 store sitronar)
- Vatn eller Farris
Slik gjer du:
- La fryste bringebær, sukker og sitronsaft småkoke i ca. 5 minutt i ein kjele.
- Bruk ein stavmiksar og køyr dette til ein puré.
- Hell puréen gjennom ei sil for å få ut bringebærfrøa.
- Hell den konsentrerte lemonaden over på ei flaske og avkjøl.
- Bruk blandingsforholdet 1:2, altså ein del lemonade og to delar vatn/Farris.
Serverast kald, gjerne med isbitar, fryste bringebær og frisk mynte eller sitronmelisse. Ublanda lemonade kan oppbevarast på tett flaske i kjøleskap opp til 2 veker.
Tekst og foto: Ingrid Krossbakken