bilde i fugleperspektiv viser en krukke med noe deilig klementiner og krem med pepperkaker

Imponer vener og familie med ein unik dessert til jul eller nyttår. Tilslørte peparkakemenn er inspirert av den velkjende desserten tilslørte bondepiker, men med smak av jul. Desserten er ferdig på 1,2,3 og inneheld berre 3 ingrediensar.

 

Ingrediensar:

½ – 1 klementin per porsjon

2-3 stk. peparkaker per porsjon (avhengig av størrelse)

1 beger vaniljekesam

 

Slik gjer du:

  1. Skrell klementin og del klementinbåtane i mindre biter
  2. Knus peparkaker til store og små smular
  3. Legg lagvis vaniljekesam, klementinbiter og peparkakesmular i serveringsglas eller liknande
  4. Serverast med ein gong, for å unngå at peparkakesmulane blir mjuke

 

 

Tips:

Unngå peparkakesmular over alt, ved å ha peparkakene i ein pose for så å klemme på posen for å knuse dei til smular.

Eit beger vaniljekesam held til ca. 2 porsjonar, avhengig av mengde og størrelse på serveringsglas.

Forfatter

, , , , , , , , , , , , , , , , ,
Latest Posts from Unikum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.