Piratpartiet (PIR) har no fylkeslag i begge Agderfylka, der det til saman er rundt 15 piratmedlemer. Nasjonalt er det 275 medlemer, som er ganske imponerande etter berre tre månader som politisk parti.
Ein kan mest seie at piratane har segla inn til Noreg over natta for å ta resten av det politiske miljøet på senga. I januar klarte vi i Piratpartiet å samle inn dei 5000 nødvendige underskriftene for å formelt bli registrert som parti. Sjuande februar blei Vest-Agder Piratparti stifta på samsen kulturhus, med germanistikkstudent Tale Haukbjørk Østrådal vald som leiar – eller kaptein som ein liker å kalle det i PIR. 26. mars, midt i påskeferien, blei fylkeslaget i Aust-Agder stifta på UiA Campus Grimstad. I møtet blei Shahab Afsharipour kaptein, Lars Erik Schou styrmann (nestleiar) og eg styremedlem. Afsharipour og eg studerer data i Grimstad. Schou har fram til no nyleg studert i Regensburg i Tyskland, og er redaktør for nettsida til Piratpartiet Norge. Begge fylkeslaga på Agder har levert inn liste til stortingsvalet i haust. Den 14. april hadde PIR 275 medlemer fordelt utover alle 19 fylka.
Piratpartiet i Sverige er eit resultat av piratrørsla, med Piratbyrån i bresjen, som protest mot Antipiratbyrån i 2006. Sistnemnte er ein interesseorganisasjon som kjempar mot piratkopiering av blant anna musikk og film. I dag har den internasjonale piratrørsla to representantar i Europaparlamentet og over 200 representantar i lokale forsamlingar i ulike land. I Tyskland har Piratenpartei represantar i fire deltstatsforsamlingar. Spesielt den tyske suksessen inspirerte til stiftinga av systerpartiet i Noreg.
Sidan Piratpartiet i Noreg blei registert i partiregisteret så seint som i januar i år, er vi ikkje alt for optimistiske på at Agderfylka vil få oransje representantar på Stortinget denne gongen, men alt kan skje. Vi skal uansett freiste å engasjere folk, også dei som i utgangspunktet ikkje bryr seg om politikk, til å vise interesse for sakene våre, slik at vi har ein reell sjanse. Ifølgje styrmann Schou er det i Oslo ein absolutt reell sjanse for at nasjonal partileiar Øystein Jakobsen blir valt inn. 15000 stemmer skal vere nok i det fylket.
Protest med humor
Kort oppramsa er piratar for personleg fridom, respekt av privatliv, kritisk sans, ope haldning i offentleg sektor, rettferd, respekt av liv, iver etter kunnskap, solidaritet og eit grenselaust, internasjonalt samfunn i likskap med fråveret av grensar på internett.
Vi tek sakene våre alvorleg, men vi bruker gjerne humor for å gjere folk merksame på dei. Eit godt eksempel er aprilspøken som kaptein Tale sendte ut som pressemelding. Der stod det at Kaptein Sabeltann var meldt til politiet for misbruk av kaptein- og pirattittelen. Ifølge spøken burde kapteintittelen ha vore vald gjennom ein demokratisk prosess slik ein gjer i PIR. Sabeltann skulle betale royalties for pirattittelen til PIR. Naturlegvis eig ikkje vi eineretten til å kalle oss piratar. Vi ville parodiere innehavarar av merkevare- og kopirettar der ute som krev avgifter for gjenbruk av musikk og bruk av oppdikta film-/romanfigurar med fullt alvor. Pressemeldinga nemnte også at PIR meldte Sabeltann for tjuveri for å demonstrere at PIR ikkje er for reint tjuveri av åndsverk.
Rett til å byggje på gamle idéar
– Greia med piratrørsla er at det handlar ikkje om at ein skal kunne laste ned ting gratis. Østrådal forklarer at det er kulturbransjen som må tilpasse seg det nye forbrukarmønsteret unge folk og stadig større aldersgrupper har. Då musikkassetten blei funne opp, ville platebransjen forby den fordi han var lett å ta opp lyd med. Det skal også ha vore slik med CD. Kulturbransjen har alltid forsøkt å kjempe mot nye teknologiar som advokatar for at det gamle distribusjonssystemet skal bestå. Vi oransjekledde ønskjer at tenestene for film, musikk og spel på Internett skal vere så brukarvennlege med så godt og fullstendig utval til rimelege prisar, slik at ingen treng å bruke ulovlege nedlastingssider. Det har kome gode, lovlege nedlastings- og strøymingtenester for slike kulturopplevingar, og dei tener godt med pengar, samtidig som mengda av piratnedlastingar går ned. Vi har tru på at folk vil betale viss dei får det dei vil ha slik dei vil ha, altså utan irriterande avgrensing av bruk, slik som enkelte DRM-teknikkar fører til.
Vi er for friare bruk av eksisterande åndsverk som inspirasjon til nye verk innanfor litteratur, musikk, film og spel. Originale verk meiner vi at skaparen sjølv skal ha rett på, ikkje tilfeldige organisasjonar. Distribusjon på nettet gjer mellomledd ofte unødvendige, og i dei tilfella dei trengst, bør distributørane få inntektene berre for sal og drift av tenestene (etter avtale med åndsverkeigar), ikkje for kopirett til åndsverka. Vi er også for fri parodi av filmar, dataspel og liknande på for eksempel YouTube. Dette bidreg godt til kreativitet og er eigentleg lønsamt for filmane og spela det blir tulla med. Vi oppfattar at dette er i praksis ganske fritt i dag, men piratpartisideredaktør Lars Schou hevdar at enkelte slike klipp forsvinn likevel fordi originalopptak er med.
Fridom i den nye informasjonsverda
– Vi er veldig imot datalagringsdirektivet, seier Vest-Agder-leiaren tydeleg og bestemt. – Det handlar eigentleg om fridom frå å bli overvaka og individuell fridom til å vere den ein har lyst til å vere. Det handlar om at ein skal ha rett til personvern, noko som vi meiner forsvinn med datalagringsdirektivet. Schou legg til at politikarane i dag ikkje klarer å ta inn over seg og forstå konsekvensane av datalagringsdirektivet. Ingen politikar ønskjer å gjere fæle ting. Dei forstår berre ikkje følgjene og moglegheitene moderne overvaking har. Han nemner at det ville blitt ramaskrik om styresmakten opna fysiske brev, og han undrar seg over kvifor det er greitt å sniktitte på e-post. Det er dessutan fare for at systemsvikt kan føre til lekkasje av data.
PIR er for fri flyt av offentleg kunnskap på nettet, og det er Wikipedia eit godt eksempel på. Alle kan bidra med kunnskap der. Viss det dukkar opp feil, kan andre rette på det. Ingen kunnskap bør haldast hemmeleg eller bli beskytta av patent. Unntaket for hemmeleghald er det naturlegvis når tryggleiken til riket eller enkeltpersonar er truga. PIR er spesielt oppteke av spreiing av kunnskap om bruk av teknologi. Programmering og gjenbruk av ope kjeldekode er inkludert i det.
Vi håper at vi klarer å vekke diskusjon mellom politiske parti til live i Unikum og at andre parti også vil skrive her. Viss du som les, er einig med det som står i denne kronikken, håper Piratpartiet på at du er interessert i hjelpe oss med ein morosam og spennande valkamp fram til hausten! Godt val!
Nettstad: piratpartiet.no
Tekst: Targeir Attestog – targeir.attestog@unikumnett.no
Foto: Unikum (portrett), Piratpartiet (logo)