SiAs kulturpris til Ståle Norenes

Ståle Norenes frå Haugesund fekk prisen på 25 000 kr for arbeidet sitt i Bluebox og Pir6.

PRISVINNEREN: Ståle Norenes har blant annet bidratt til bedre tider for studentpuben Pir6. Nå har han fått SiAs kulturpris for sitt frivillige arbeid. (Foto: Desirèe N. Skalle)

Han er leiar for prosjektutvalet som fornya Pir6 og nestleiar for SiA-styret. I tillegg er han leiar i Øl, viser og dram
og ansvarleg for fotballgruppa på Bluebox.

– Fellesnemnaren for Ståle og alt han gjer, er at han er inspirerande engasjert. Han stiller opp når vakter må fyllast, og tek ansvar når ingen tek ansvar. Det gjer han også i periodar når ein kunne forvente at han skulle tenkje på seg sjølv, les Frantz Nilsen, styreleiar for SiA, frå grunngjevinga til juryen. Norenes seier i den kortfatta takketalen sin etterpå at han var overraska over at han var nominert. I tillegg til å takke juryen, takka han også dei frivillige miljøa i Grimstad og Kristiansand. – Utan dei hadde eg ikkje klart å gjere den jobben eg faktisk gjer. Ein pådrivar treng mange bak sin rygg, så tusen takk til dykk alle.

Alt frå leiing til PR for studentølbrygging
Norenes var overraska og glad over å få prisen. Han seier at han visste ingen ting om nominasjonen før dei nominerte blei offentleggjort to-tre veker før utdelinga. Han går ut ifrå at grunnen til at han fekk prisen, må vere at han har stått på, jobba frivillig og teke mange verv, samstundes som han studerer bachelor i fornybar energi i Grimstad. Han har jobba i barskift på Bluebox i eitt år og er no hovudansvarleg i tillegg til å drive fotballgruppa der. No er han også prosjektutvalsleiar for Pir6 for å gjere endringar der, og han sit i fordelingsutvalet til STA og er nestleiar i SiA-styret. I Øl, viser og dram er han PR-ansvarleg, som han seier er den enklaste jobben. Den foreininga påstår han har brygga rundt 500 liter øl det siste halvåret.

Til Pir6 har Norenes teke med mange idéar frå Bluebox om ulike typar arrangement og forsøkt å gjere marknadsføringa betre. Nye arrangement er MikroMandag der ein drikk spesialøl, og TrashPop annan kvar tysdag der ukjente musikkartistar får prøve seg. I tillegg er det også konsertar med meir kjente artistar.

Set stor pris på å bli sett pris på
Ingeniørstudenten vil ikkje fokusere på at prisen gjekk til ein frå Grimstad-avdelinga sjølv om han studerer der. Han engasjerer seg for begge avdelingane. – Eg er veldig stolt over å få ein så stor pris, og set stor pris på å bli sett pris på og bli lagt merke til.
Det er jo kjempefint at det er ein sånn pris til å heidre enkeltpersonar eller organisasjonar som har gjort ein god innsats for studentmiljøet.

På tampen ber han alle andre som jobbar frivillig om å stå på for studentmiljøet i Kristiansand og Grimstad. Norenes avsluttar snart det tredje studieåret sitt og er litt usikker på kor han skal ta master. Om han held fram i Grimstad eller startar ein annan plass, lovar han å halde fram med det frivillige engasjementet sitt.

Dei nominerte var …
Alle nominerte fekk tildelt kvart sitt abstrakte, blå-kvite bilete. Tre av dei fem nominerte var studentar i Grimstad-avdelinga. Dei to andre derifrå utanom Norenes var Eva Håverstad, som blei nominert for aktiv leiing av Indøk Sør og å bidra til kontakt mellom UiA-studentar og næringslivet, og Sondre Glimsdal for å trene begge lacrosselaga i GSI. Frå Kristiansand var Bjørn-Egil Aamodt Johansen nominert for frivillig arbeid på Østsia, engasjement i Kultopia-styret og SAIH, og for å ha vore fadder og medlem i fadderstyret. Frå same by blei Erika Ramona Erdös nominert for frivillig arbeid i det internasjonale miljøet på UiA. Ho har bidrege til skrivekurs, vore engasjert i studentpolitikk, vore Buddy-leiar og skrive mange kritiske artiklar i Unikum.

Tekst: Targeir Attestog – targeir.attestog@unikumnett.no

Foto: Desirèe N. Skalle – red@unikumnett.no

Forfatter


Posted

in

by

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.