Fredagens konsert med John Olav Nilsen og gjengen var ein i alle fall eg hadde venta lenge på. Og vente måtte me… Nesten halvannan time forsinka entra han scena, men publikum var likevel der frå første stund.
Allereie på den første låta, «Nesten som eg lever» frå det siste albumet «Eneste veien ut», hiv publikum seg med. Det er tydeleg at dei som står nærmast scena verkeleg er fans, og desse er med på å skape ei veldig god konsertstemning. Om ein går på ein konsert utan eit godt publikum kan konserten vere aldri så god og likevel vil du ikkje føle deg riven med
på same måte.
Musikken til Nilsen & co er enkel musikk som ikkje er særleg komplisert. Det liker eg! Med enkle gitarrar og ein syrlig, spiss synth treff i alle fall meg rett i hjarta. Nilsen har ingen særskilt berande eller fin stemme, men ein slik stemme hadde ikkje passa til musikken bandet lager.
Konserten gjekk fort, med den eine kjende songen etter den andre. «Diamanter og kirsebær» blei spelt, det same blei «Hull i himmelen» og «10 ganger 1000». På slutten av konserten blei det så god stemning at to av dei framre publikummarane hoppa opp på scenen. Han eine fekk til og med lov til å syngje saman med Nilsen, før han sjølvsagt blei
fjerna av vaktene. Eg gler meg allereie til å sjå bandet igjen under sommarens Øya-festival i Oslo.
[slideshow id=8]
- Kven? John Olav Nilsen og gjengen
- Kvar? Kick
- Når? 25. januar 2013
Tekst: Jesper Idland – jesper.idland@unikumnett.no
Foto: Mette Elisabeth Fauske – red@unikumnett.no