Endeleg er eg her. Etter mange år på UiA (med ein pause i arbeidslivet), er eg på utveksling i Tyskland, nærmare bestemt på Tekniske Universitetet i München (TUM). Universitetet har rundt 39 000 studentar, og har dermed rundt fire gongar så mange som UiA. Det har til no vore ei veldig spennande oppleving å flytte frå eit anna land, der språket er ganske likt, men kulturen er til dels ganske forskjellig.
Eg måtte finne plass å bu sjølv, for TUM set ikkje av hyblar til europeiske utvekslingsstudentar, berre studentar frå andre verdsdelar. (SiA set av hyblar til alle utvekslingsstudentar som kjem til Agder.) Så då måtte eg berre setje i gong med å kontakte mange utleigarar på bustadnettsider. Eg fekk ikkje så mange svar tilbake, men eg fekk avtale om tre visningar. Eg reiste derfor til München om sommaren, og kom fram der på den ganske dramatiske fredagen 22. juli, då ein forvirra 18-åring skaut ned uskuldige menneske på Olympia-kjøpesenteret. Eg kom fram til herberget mitt i bydelen Laim med lokaltoget omtrent samtidig som skytinga starta, og rett før all kollektivtransport i byen blei stoppa. Det var rundt ti kilometer frå der skytinga skjedde. Det var litt skummelt å høyre om det på TV, men eg følte meg trygg på herberget.
To dagar seinare hadde eg to avtalar om visning. Den første var nær undergrunnstasjonen Wettersteinplatz i bydelen Giesing, søraust for elva Isar. Eg fekk velje mellom tre ganske like leilegheiter på 20 kvadratmeter i loftsetasjen (5. etasje). Ei av dei var vendt mot gata med støy frå trikk og bilar, og dei andre mot den stille bakgarden. Eg valde å slå til med ein av dei bak. Alle romma i etasjen var under oppussing.
30. september kom eg tilbake til München. Eg greidde å drasse med begge dei store, tunge koffertane sjølv i lokaltoget (S-Bahn) frå flyplassen til hotellet, der eg skulle vere for ei natt. På kvelden gjekk eg til Theresienwiese for å sjå kva Oktoberfest eigentleg var for noko. Det er gratis og ganske lett å kome inn der. Det overraska meg litt kor mange folk det faktisk var der. Eg måtte passe på å gå nesten heile tida for at ikkje forbipasserande skulle kollidere med meg. Det var mykje tivoli og mange salsbodar for brente nøtter og iskrem. Eg kjøpte litt frå desse bodane, men eg gjekk ikkje inn i ølteltet, for der såg det fullt ut. Eg drakk ikkje noko øl på festen, men gjorde det i staden på hotellet som eg sov på, saman med ein god snitsel.
1. oktober møtte eg fadderen min, ein masteroppgåveskrivande kar frå ein landsby litt sør for München. Han hjelpte meg å bere den eine av dei to koffertane inn i u-banen. Fadderen min gjekk faktisk i lêr-bukse (Lederhose), fordi han skulle til fotballkamp rett etterpå, og oktoberfest seinare.
Akkurat på same tid som eg flytta inn, blei det aller siste montert på badet, og fjernsyn og bordansette blei sett på plass oppå kommoden. Det er eit stort trebord, ei seng, to plaststolar og eit klesskåp i stovedelen av rommet. Kjøkkenkroken ved inngangen har kjøleskåp, vask og to elektriske kokeplater. Badet på den andre sida av inngangsdøra har do, vask og dusj. Oppvarming skjer med radiator. Veggane er kvite, så kanskje skaffar eg meg ein projektor til å sjå film med på ein av dei. Eg kan ikkje klage.
Tilbake til 90-talet
Det var mange praktiske ting å ordne. Eg måtte registrere tilflytting i München hos Kreisverwaltungsreferat (som tilsvarar omtrent fylkesadministrasjon i Noreg). Der måtte eg vente i over to timar mens eg las i ei lærebok, berre fordi at ein tenestemann skulle fylle inn informasjon frå papirskjemaet mitt og passet mitt inn i ei datamaskin. Kjære Tyskland! I Noreg kan flyttemelding bli gjort med elektronisk skjema på Internett. Ingen treng å vente. Korfor kan ikkje dei gjere det same?
Elles måtte eg opprette bankkonto, for å sleppe gebyr ved overføring av pengar frå Noreg til Tyskland ved kvar betaling av husleige. Det viste seg at mange bankar no kravde eit månadsgebyr for vanleg girokonto, viss ein ikkje hadde ei minsteinntekt kvar månad. Dette er nyleg innført for å dekke tapet som bankane har med låg rente. Slike gebyr har vi ikkje i Noreg, så vidt eg veit. Eg fann ein bank som ikkje hadde slike gebyr, men der måtte eg ha tysk telefonnummer for å registrere meg. Eg fekk tysk SIM-kort frå det internasjonale kontoret hos TUM.
Kontantar lever enno ganske bra i Tyskland. Mange kaféar godtar ikkje kort i det heile tatt. Enkelte av dei godtar berre EC-kort, som er eit tysk debetkort. Eg har fått eit slikt frå den tyske banken min no. I daglegvarehandelen og i elektrobutikkar kan ein betale med kort, også norske, så eg vil nok betale med kort når eg kan framover, og med kontantar når eg må.
München er ein millionby, men kjennest likevel liten, fordi dei fleste bygningane ikkje er høgare enn seks etasjar, og mange bur i forstadane. Byen har eit godt kollektivtrafikksystem med forstadstog (S-Bahn), undergrunnstog (U-Bahn), trikk (Tram) og buss. Eg kan kome til universitetet med U-Bahn på eit kvarter viss eg reiser i undergrunnen.
Nær den grøne skogen
Eg bur som nemnt i bydelen Giesing, og rett ved er det fine turområde langs elva Isar, som i oktober ikkje var så mykje breiare enn ein av dei store bekkane i heimbygda mi. Vatnet såg ut til å liggje lågt, og eg kunne gå rundt på dei runde, kvite småsteinane der eg trur det renn vatn når det regnar om hausten og snøen smeltar om våren.
Viss ein tar U-Bahn eller trikk sørover, kjem ein til skogområda Perlacher Forst og Grünwalder Forst. Der har eg tatt fleire lange og fine turar. Det er ein stor, menneskeskapt jordhaug midt i der som heiter Perlacher Mugl, der ein kan sjå overraskande langt, heilt til Alpane på klare dagar. I området er det også ein dyrepark og ein filmstudiopark, som ein kan besøke.
Vorlesungen og lectures
Eg har halvparten av forelesingane mine på tysk, og resten på engelsk. Det går bra å følgje med på orda som blir sagt på begge språka for meg, men det er eit par av faga som er ganske matematiske, og eg har ikkje arbeidd skikkeleg med matematikk sidan eg avslutta min mastergrad i IKT i 2013. Eg måtte derfor repetere ting, og delvis også lære nokre ting for første gong i matematisk økonomi, som industriell økonomi i Grimstad ikkje har fått med i pensum.
Forelesarane som eg har hatt hos TUM er veldig flinke til å gjere oss studentar engasjerte i faga sine. Dei verkar alltid å vere engasjerte og i godt humør. Viss vi studentar likevel slit med å følgje med, får vi lyst til å lese opp til neste gong, slik at vi følgjer betre med då. Det gjer i alle fall eg.
Eg har litt kollisjon på timeplanen, men det er ikkje noko stort problem, for mange av forelesingane blir tatt opp på video, som vi kan sjå på ettermiddagen, akkurat som med fleire fag på UiA.
TUM har enno ikkje kome til å prøve ut bruk av datamaskiner på eksamen, slik som ein gjer i mange fag på UiA. Det verkar ikkje som om dei stolar på at slike system kan fungere.
Frå Unikum til Unikat
Eg har møtt folka hos Unikat, som er studentavisa i München, og er felles avis for Ludwig-Maximillian-universitetet (LMU) og TUM. Unikat starta på papir i 2009, men er i dag berre på nett (unikatmuc.de). Dei promoterer seg sjølve på sosiale medium, og dei skriv alt på tysk. I motsetnad til i Unikum, så er alle leiarstillingane hos Unikat frivillige, og budsjettet ser ut til å vere ein god del lågare. Dei får ikkje støtte frå studentsamskipnad eller universitet. Unikat-medlemmane tykte det var moro å ha ein namnehalvbror, utanom forskjellane eg har nemnt, så er avisene ganske like kvarandre. Ei tyskspråkleg utgåve av denne teksten kjem til å kome på nettstaden deira.
Eg er spent på tida framover. Eg prøver å balansere studium og fritid. Eg håper på å seinare kunne fortelje meir om det som eg opplever her i den spennande «storlandsbyen» München.
Tekst og foto: Targeir Attestog
[…] Artikel findet ihr im Original auf Norwegisch auf der Seite von […]