Synes du det er vanskelig å ete meir fisk i kvardagen? Denne oppskrifta på panert fisk er rask, enkelt og passer til det meste av tilbehør.
Ingrediensar:
1 filet kvit fisk (til dømes sei, lyr, torsk)
1 egg
4 ss kveitemjøl
2 ss havregryn
2 ss grovt mel eller griljer mjøl
Salt og pepar
Slik gjer du:
- Visp saman eit egg i ein skål
- Ha kveitemjøl og salt og pepar i ein frysepose/skål
- Bland så saman havregryn og grovt mjøl/griljer mjøl i ein anna frysepose/skål
- Skjær fiskefileten i to på langs viss den er tjukk, for å korte ned steiketida
- Legg fileten i posen med kveitemjøl og rist godt, slik at heile fileten er dekka av mjøl, rist forsiktig av overflødig mjøl
- Vend deretter fileten i det saman vispa egget, pass på at heile fileten vert dekka
- Legg så fileten i posen med blandinga av havregryn og mjøl og rist godt
- Steik så fileten i ei steikepanne med litt olje på middels høg varme i ca. 3 min på kvar side, til den er gjennomsteikt