Med berre fem ingrediensar kan du briljere med heimelaga terte på under 45 minutt. Perfekt når du har dårleg tid og vil imponere.
Ingrediensar:
- Butterdeig
- Fryste bringebær
- Ferdig vaniljekrem
- Sukker
- Egg til pensling
Slik gjer du:
- Ta ønska tal butterdeigplater ut av frysen og legg dei på ein bakepapirkledd steikeplate for tining ca. 15-20 min.
- Ta samtidig ut ønska mengde fryste bringebær* ut av frysen og ha det i ein skål for tining, til butterdeigplatene er klare til bruk.
- Rør ønska mengde sukker inn i dei tinte bringebæra.
- Ta nokon ss ferdig vaniljekrem i ein frysepose/brødpose og klipp eit hull i eit av hjørna.
- Skjær ein ca. 1cm brei ramme i butterdeigen.
- Sprøyt ut ein ramme med vaniljekrem innafor butterdeigramma.
- Fyll vaniljeramma med dei rørte bringebæra.
- Pensle butterdeigramma med saman vispa egg og strø på litt sukker.
- Steik terta på 200 grader i ca. 20 min.
- La kjærleiksterta kvile 5 min på benken, deretter nyt.
Tips:
Butterdeig finn du i frysedisken hjå dei aller fleste større butikkar.
Bruk ein vaniljekrem som held forma under steiking.
*ca. 3ss bringebær per butterdeigplate.